fredag 23. juli 2010

Dag 5 - 23. juli

Stemningsbilete frå bryggja utanfor naustet


Viknes'en til kai ved sidan av Askeladden

Terje hadde hatt krabbeteiner ute, og fått ein god del krabbe, og sidan dei på Nordøy før var vane med å eta det dei fekk frå sjøen, så stod det krabbe på menyen. Det vart godt imotteken av arbeidsfolk og fiskaren sjølv!

Ingenting er som å eta nykokt krabbe, kokt i sjøvatn, renska klørne og hiva krabbeskallet rett på sjøen :)
Arbeidsfolka må ha mat, og idag var det krabbe som stod på menyen...........nam, nam!
Viknes'en ligg til kai ilag med Askeladden


No begynner verkeleg vegen å ta form!


Sjefen sjølv har heve seg i boringa, så støvet fyk!

Her ser ein rutebåtkaien, der vegen skal gå ifrå, og opp til huset.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg igjen ei melding til oss her:

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.