torsdag 10. mars 2011

Vår, - kor er du?

NO kjenner eg at eg lengtar etter våren og varmare dagar. Det har vore kaldt lenge no, og temperaturen vi liksom ikkje over 5 grader.
Medan me ventar på våren enno ei stund, legg eg inn eit dikt om sola, som mi kjære mormor Lilly Troland har skreve.

Sola



Eg står ved glaset den seine kvelden, ein kveld så vakker og fin og blid.
I vest brenn himlen av solfallelden, og gjev oss bud om at dagen lid.
Du signa sol, du har gitt din varme, så blomen synte si fargeprakt.
Då kjenner me oss så veik og arme, når slik du syner di store makt.



Du signa sol som går kring vår klode og deler ut med di rause hand,
du er i sanning for oss ein gode, du er ein kjenning i alle land.
Eg står ved glaset og ser deg falla litt lenger ned, - ja, for kvart minutt.
Og saman ser me vår dag den halla for så å kverva heilt bort til slutt.



Ja, signa sol, slik er din rutine å gjera skilnad på dag og natt.
- Der kvarv du bort og gjekk til dei hine.
Men i morgon - då kjem du att.


Fra Nordøy 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg igjen ei melding til oss her:

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.