Vår, vår - kom igjen!
No lengtar me berre etter våren! Den kan ikkje koma fort nok, og me vil ha minst januar og februar unnagjort, så me kan begynna å reisa til Nordøy att. No er vêret altfor ustabilt og vêrmeldingane er ein vits! Det fekk me erfara då me planla ein tur nordover torsdag denne veka. Meldingane sa at det skulle verta solskin og stille (5 m/s), og me fant ut at det var ein god dag å reisa nord for å gå ei synfaring med elektrikarane frå Øygarden elektriske. Det som møtte oss denne dagen var store snøflokser og liten kuling på fjorden - det blei ein kjapp tur, ikkje rom for å nyta freden der nord denne gongen. Vått og kaldt, rett og slett.
Men eg (Kjersti) fekk sjå løa innvendig etter at det meste no er ferdig. Eg har ikkje fått sett det "live", og eg syns det var vorte kjempeflott! Eg gleeeeeedar meg til me kan begynna å ta den i bruk.
NO MÅ VÅREN KOMMA!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg igjen ei melding til oss her:
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.