Denne vakre songen, der teksten er skreven av mi kjære mormor, som dessverre gjekk frå oss i mai ifjor, kan ikkje publiserast for ofte. Den har vore brukt i mange samanhengar, og eg har alltid kjent meg stolt og glad når eg har fått syngja den. Det gjer eg framleis, men no med ein klump i halsen, fordi saknet av mormor er så inderleg stort.
ØYGARDSSONGEN
Tone: " Å, vestland, vestland"
Ver med til Øygarden ein liten tur,
så skal de sjå kor øygardsfolket bur.
Ein gard av øyar som stig opp or hav,
det er staden me er stolte av.
Å, for ei utsyn, - det er visst og sant,
her er`kje stengsla i frå nokon kant.
I vest ligg havet ruvande og traust,
og Hjeltefjorden strekkjer seg i aust.
Her våre fedre rodde seg i land,
og her ein plass til heimen sin dei fann.
Dei rydda grunnen, og fekk huset bygd,
ein dag så sto det der så lognt og trygt.
Men sjøen lokka på kvar mann og gut,
dei greidde garna, og så drog dei ut.
Dei visste fisken leika der ut- på,
og denne leiken fekk dei hug å sjå.
Når uver kjem, og det vert storm og blest,
og sjøen vaskar alle skjer her vest.
Då vert me småe for Guds allmakts hand,
då er det tryggast vera oppå land.
Men så kjem våren, - å den er vel fin,
og himlen er så klår og sola skin.
Og lufta, - ja den er så frisk og rein,
og blad og knopp dei pyntar kvar ei grein.
I sommaren me alle er så glad,
kor kan ein finna då ein betre stad,
enn Øygarden med all sin herlegdom?
Om du har hug å sjå, - så berre kom.
Ver med til Øygarden ein sommarkveld,
og så når sola ned mot havet fell.
Det er eit syn ein ikkje gløyma kan
- eit lite glimt av Norges fagre land.
- Lilly Troland -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg igjen ei melding til oss her:
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.